Hovudredningssentralen har sett i gang redningsaksjon i Hurrungane i forbindelse med skiløparar som kan vere skadde etter nedkøyring i ei renne. Luftambulanse, politi og frivillige mannskap er på veg mot staden, melder politiet.Det skal vere snakk om to personar som har falle, der den eine ser ut til å ha skada seg.Personane var i eit turfølge på tre, og den tredje stod igjen fleire hundre høgdemeter oppe i fjellet og observerte at dei to andre datt, opplyser Owe Frøland i Hovudredningssentralen. ? Det er ikkje mobildekning i området kor skiløparane har falle, men den tredje personen i følget, som står fleire hundre høgdemeter oppe,ser at dei dett. Når dei då beveger seg att, ser det ut til at ein har skada seg, seier Frøland.Personen som melde frå skal stå saman med skiløparar i eit anna turfølge.Skadeomfanget på dei to er uvisst, seier Frøland.Like før klokka 12.40 er luftambulanse på plass.
NRK Hordaland - I går, 12:48